| Fisk skal roe fangane |
|
|
| Skrevet av Bergens Tidende/NIFES | |
|
Blir fengselsfuglar mindre aggressive av å ete feit fisk? Femti fangar i Bergen fengsel deltek i eit nytt forskingsprosjekt for å finne svaret. Ei tverrfagleg forskargruppe vil undersøke om fangar i Bergen fengsel får betre impulskontroll, dersom dei et sjømat. Feite fiskeslag er nemleg proppfulle av omega 3-feittsyrer, og forsking viser at fiskeolje kan redusere både aggressiv og valdeleg oppførsel, depresjonar og søvnproblem. - Vi ventar å finne ein samanheng mellom kosthald og aggresjonsnivå. Personar med lite omega 3-feittsyrer i blodet har gjerne dårlegare impulskontroll enn dei med mykje, seier forskingsleiar Livar Frøyland ved NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning). Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom NIFES, Psykologisk fakultet og Bergen fengsel. Tran ikkje nok |
| < Forrige | Neste > |
|---|

English
