Laksefjordar under lupa Utskrift E-post
Skrevet av www.bt.no/Havforskningsinstituttet   

Vi er i ferd med å leggja eit mønster for oppdrettslokalitetane som det ikkje finst vitskapleg dekning for, hevdar forskningsdirektør Ole J. Torrissen ved Havforskningsinstituttet. Vernetiltak har sett store verdiar på spel. Innvendinga frå forskningsdirektøren må takast alvorleg.

Kronikk i Bergens Tidende 12.08.05

Frykt for restriksjonar som følgje av oppdrettsfrie soner har ført til tap av arbeidsplassar i fleire kystsamfunn. Stortinget har oppretta 37 laksevassdrag og 21 laksefjordar for å sikra villaksen mot lusesmitte og rømming av oppdrettsfisk. Restriksjonane kan bli endå meir omfattande; regjeringa tek sikte på å utvida vernetiltaka. Men den vitskaplege grunngjevinga for desse inngrepa er ekstremt dårleg, seier forskningsdirektør Ole J. Torrissen ved Havforskningsinstituttet.

Oppdrettsnæringa er umåteleg viktig, både for lokalsamfunn på kysten og for landet. Ole J. Torrissen har rekna ut at den teoretiske produksjonskapasiteten på norskekysten utgjer bortimot tjue milliardar tonn sjømat; ei trettidobling av dagens produksjon. Om dette enn er eit teoretisk tal, meiner forskningsdirektøren det er viktig at vi forvaltar våre ressursar på ein måte som gjer at vi ikkje avskjer oss frå å utnytta det enorme potensialet i næringa. Dagens mønster, med små teigar som det blir gjeve eigedomsrett til, er eit hinder for optimal utnytting av ressursane, hevdar han.

Vern av villaksen er viktig, men det må vera ein føresetnad for vernetiltaka at dei er til nytte. Når forskningsdirektøren ved Havforskningsinstituttet uttalar frykt for at vi startar omfattande tiltak som ikkje verkar, og som meir kan skada enn berga villaksen, bør alarmklokkene gå i Regjeringskvartalet. Det må vera eit minimumskrav at det finst eit nokolunde sikkert vitskapleg grunnlag for dei restriksjonane som alt er innførte og dei ytterlegare vernetiltaka som det no blir arbeidd med. Innvendingane frå Havforskningsinstituttet kan ikkje avvisast utan at det blir gjort ein ny, kritisk og uavhengig gjennomgang av vernetiltaka.

Ole J. Torrissen etterlyser meir pengar til forskning, som naturleg er i hans posisjon. Sett i lys av storleiken og potensialet i havbruksnæringa, ville det vera påfallande om nokre av dei mest kritiske, politiske vedtaka skulle byggja på synsing. Forskningsdirektøren meiner mellom anna at vasskraftutbygginga kan vera ei vel så viktig årsak til spreiing av lakselus som havbruksnæringa sjølv er. Det er påfallande at dei pengesterke kraftselskapa hittil ikkje har vilja delta i finansieringa av forskning om denne problemstillinga.

Det blir ikkje brukt særleg mykje pengar til forskning her til lands, men landet har ikkje råd til å bruka denne sparekniven på havbruksnæringa.


 
< Forrige   Neste >
Publiseringsløsning levert av Bedre reklame as